Vi inviterer til ope reiselivsmøte for alle som er nysgjerrige på kva som rører seg i Ulstein og regionen no framover.

Kva skjer på reiselivsfronten? Kven kjem hit? Kva forventar dei? Og kva betyr det eigentleg for næringsliv, lag, foreiningar og lokalsamfunn?
Vi snakkar om trendar, moglegheiter, cruisesatsing og korleis vi kan få meir ut av besøket saman.🌱

VI får innlegg frå Tom Anker Skrede, reiselivssjef i Destinasjon Ålesund & Sunnmøre, Jarl Martin Møller, kommunaldirektør Ulstein kommune, Ann-Helen Jøsokbakke, hotelldirektør Quality Hotel Ulstein og Hareid kommune
I tillegg får du høyre historier og erfaringar frå lokale reiselivsaktørar.

Meld deg på reiselivsmøtet her: Reiselivsmøte – Kva skjer i reiselivet i Ulstein og regionen? – Fyll ut skjema

📍 Stad: Quality Hotel Ulstein
📅 Dato: Torsdag 26. februar
⏰ Tid: Kl. 18-20

Vel møtt til ein kveld med innsikt, idéar og gode samtalar! Og ta gjerne med ein kollega eller nabo som burde vere med i praten🤩