Vi invitera alle i handel- og servicegruppa til morgonkaffi på Quality Hotel Ulstein tysdag 6. februar kl. 08:30! Her kan dykk som vanleg forsyne dykk av frukostbufféen.
No er endeleg arrangementskalenderen heilt klar til bruk, og vi tenkjer å ta ein ordentleg gjennomgang av korleis ein tek den i bruk. Vi håper at dette kan vere eit godt verktøy for kommunikasjons med kundar, samstundes som det kan vere starten på meir samarbeid mellom sentrumsaktørane.
Vidare skal vi no til å lyse ut stillinga «sentrumskoordinator». Vi ønskjer innspel på kva denne rolla skal innebere, og diskusjon på korleis sentrumsaktørane kan ta i bruk koordinatoren på best mogleg måte.
Vi har fått eit ny sak på agendaen! Sunnmøre Strikkefestival kjem for å fortelle om den splitter nye festivalen, det fullspekka programmet og korleis dei skal skape tidenes strikkefestival. Vi øskjer å diskutere korleis vi kan kople dette på heile byen!
Kom gjerne med innspel dersom du har ei sak vi skal ta opp.
Vel møtt! Vi gler oss.