Vi ønskjer å samle medlemer som har interesser innan eigedomsutvikling, utleige, bygg, anlegg m.m. til eit første møte i UNF Bygg & Eigedom, og inviterer derfor til medlemsfrukost på hotellet torsdag 12. november.

Agenda:
08:00 – 08:30  Frukost
08:30 – 08:45  Info frå UNF om bransjearbeidet i UNF
08:45 – 09:10  «Smarte Bygg idélab» hjå Ulstein kommune
09:10 – 09:25  Utleigekontrakter og fallgruver
09:25 – 10:00  Diskusjon og evt formalisering av gruppa

 

Påmelding til post@ulstein-nf.no eller ved å svare på utsendte mail-invitasjon.