KORLEIS UTØVE LEIARSKAP I EIN RASKT SKIFTANDE VERDEN?

  • Kva kan ein tidlegare landslagskaptein i fotball lære oss om verdien av lagspel?

  • Kan kunstig intelligens skape meir berekraftige samfunn?

  • Kvifor er mangfald og likestilling heilt sentralt for å lykkast?

  • Kva kan du gjere for å ta leiarskap i det grøne skiftet?

  • Kan lokal bioteknologi og lakseoppdrett vere ei global løysing på sirkulærøkonomi?

  • Korleis få ein av verdas fremste merkevarer til å banke på døra di?

  • Kva tenkjer eit globalt mediekonsern om kunstig intelligens?

  • Korleis leie i ein raskt skiftande verden?

  • Kor langt er det frå Søre Sunnmøre til resten av verda?

Dei store endringane i verda siste åra har snudd opp ned på forretningsmodeller, vilkår, forventningar og moglegheiter. Kunnskap, teknologisk innovasjon og verdiar pusher oss framover. Men, for å få til ei reell endring i samfunnet er vi kanskje også nødt til å finne nye metodar å tenkje og innovere på? Kva krev dette av leiarskap, endringskompetanse og innovasjonskultur? Korleis får vi det til?
Spørsmåla er mange og vi ser fram til å ta debatten på årets leiarkonferanse
“Globale utfordringar – Lokale løysingar”