24. oktober 2024 fyller vi Sjøborg Kulturhus i Ulsteinvik med framtidsretta næringsliv, spennande organisasjonar og dyktige leiarar på ulike nivå og bransjar.

I år bygger vi konferansen rundt temaet Verdibasert Leiarskap, med fokus på tillit, verdi, økonomi, kultur, psykologisk tryggheit og kommunikasjon. Vi jobbar i desse dagar med å innhente dei rette føredragshaldarane til å belyse akkurat dette, og har allereie fått med eit par gode namn på blokka; Thomas Seltzer, Tom Georg Olsen, Bernt Marius Rørstad, Ole Rolfsrud, Maja Sojtaric.

Førstnemnte berre 1 veke før valet i USA!!! Dette blir bra!

Leiarkonferansen i Ulsteinvik osar av kvalitet, og har som mål om å vere i øvste sjiktet med tilrettelagt innhald for leiarar på ulike nivå. Vi skal gi det «lisje» ekstra til deltakarane. Ikkje berre underhaldning, men eit innhald med meining og korleis du best kan oversette teori til praksis. Vi ønsker å lage ei konferanse med ein gjennomgåande raud tråd, som gir ein liten vekkar i oss alle, uansett kva type leiar du er og kva bransje. Tidlegare tilbakemeldingar viser at vi har lykkast med dette, og at vi har klart å skape ein av dei viktigaste møteplassane for næringslivet på Sunnmøre.

Vi gjentek suksessen frå i fjor og inviterer til MØRELOUNGE på Skaparhuset etter konferansen. Her blir det god mat og drikke, uformell stemning, mingling og den gode praten rundt det vi har lært tidlegare på dag.

Vi gler oss til å sjå deg!