Innhald

Kurset har ei praktisk tilnærming, med fokus på bruk i maritim bransje. Bakgrunnen og fundamenta for tema’a er basert på ny og gjeldande kunnskap. Tema’a er knytta opp i ein praktisk samanheng gjennom bruk av relevant erfaring og case, med innspel frå deltakarane sine eigne erfaringar.

Emneoversikt

Kontroll og styring av prosjekt I, 2 dagar (11.-12. februar)

  • Oppstart – generelt om prosjekt
  • Prosjektleiingssuksess vs prosjektsuksess
  • Prosjekt som strategi
  • Tidsplanlegging, Kva og korleis?
  • Planleggingsprosessar
  • Ressursplanlegging & Skalering
  • Risiko & Usikkerheitshandtering

Menneskleg kompetanse I, 3 dagar (3.-5. mars)

  • Prosjektleiarkompetanse & Sjølvleiing
  • Team & Teamleiing
  • Leiing av interessentar
  • Motivasjon & Kommunikasjon i prosjekt

Kurset passar for

Personar med erfaring som prosjektdeltakar, prosjektleiar eller personar som vil inn i slike roller i framtida.