Saman med Visma Digital Marketing tilbyr Ulstein Næringsforum eit heildagskurs om annonsering på sosiale medier. Vi fokuserer på å bruke nettverktøya Business Manager (facebook/instagram) og LinkedIn Campaign Manager.

Kurset er delt inn i to delar.

Del 1 tek føre seg Facebook og Instagram, litt om plattformene og korleis ein som bedrift bør bruke dei generelt. Vidare følgjer ein praktisk gjennomgang av Facebook Business Manager som viser korleis bedrifter kan annonsere på desse to plattformene. Her kan deltakarane prøve å sette opp ien kampanje undervegs.

I tillegg inneheld del 1 generell innsikt i strategiprosess og kundereise på ulike sosiale medier.
Tid: 09:00 – 12:00

Del 2 fokuserer på LinkedIn. Her vil vi gå gjennom korleis bedrifter bør jobbe med denne plattforma organisk og betalt. Denne delen inneheld ein praktisk gjennomgang av LinkedIn Campaign Manager, som fortel korleis bedrifter kan annonsere på LinkedIn.
Tid: 12:30 – 14:30

TIMEPLAN:

09:00-09:10       Velkomen. Praktisk info
09:10-09:40 Bruksmønster på Facebook og Instagram
Tips for organisk tilstadevering
09:40-09:50 Strategiprosessen i sosiale medier
09:50-10:00 Pause
10:00-12:00 Praktisk gjennomgang av Business Manager
Her kan dei som vil prøve å sette opp ein kampanje sjølve
Spørsmål og avslutning del 1
12:00-12:30 Lunsjpause
12:30-13:00 Bruksmønster på LinkedIn
Tips for organisk tilstadevering
13:00-13:10 Pause
13:10-14:30 Praktisk gjennomgang av Campaign Manager
Her kan dei som vil prøve å sette opp ein kampanje sjølve
Spørsmål og avslutning del 2
14:30 Slutt

 

PRISAR:

Medlemsbedrifter i UNF eller ei anna foreining i NæSS (Næringsforeiningane på Søre Sunnmøre: Hareid Næringsforum, Ulstein Næringsforum, Havlandet AS (Herøy), Sande kommune, Vanylven Utvikling, Volda Næringsforum eller Ørsta Næringskontor):

Heile kurset: kr 800,- per deltakar
Kun del 1: 550,- per deltakar
Kun del 2: 350,-

Andre:

Heile kurset: kr 1200,- per deltakar
Kun del 1: 750,- per deltakar
Kun del 2: 500,- per deltakar