Dato: 27. november 2023
Tid: 9.00 – 11.00 (registrering og frukost frå kl. 8.30)
Deltakaravgift: Gratis
Stad: Spjelkavik Panorama, Spjelkavikvegen 61
Alle snakkar om AI, men korleis kan AI bidra til å skape verdi for deg, og kva må du vere merksam på når det kjem til styring og kontroll/governance?
27 november invitera KPMG til frukostseminar kor du kan lære meir om dei nyaste trendane innan AI-driven transformasjon, og få innsikt i korleis di verksemd kan skape verdi og dra nytte av endringane. Kurset er retta mot det lokale næringslivet vi har på Sunnmøre.
I tillegg til eit krasjkurs i AI og dei nyaste marknadstrendane, gir vi deg innblikk i korleis Microsoft arbeidar med å integrere AI i sine produkt, før vi gir fleire praktiske kunde-casar der AI er nytta. Avslutningsvis går vi inn på noko av det vi må være merksame på når det kjem til personvern og sikkerheit når vi nyttar kunstig intelligens.
Seminaret passar både for verksemder som er nysgjerrige på korleis dei kan ta i bruk AI og for de som allereie er godt i gang.
Velkomen!
Program:
— Introduksjon til AI & marknadstrendar v/ Tom Einar Nyberg, KPMG
— Oppdatering frå Microsoft knytt til Azure AI tenester v/ Microsoft
— MS Copilot for Office Productivity v/ Lars-Christian Ryland, KPMG
Pause
— Casepresentasjonar, demo og praktiske eksempel v/ Tom Einar Nyberg, KPMG
— Governance ved bruk av AI v/ Thea Hvitmyhr Gullaug, KPMG
— Personvern og sikkerheit knytt til AI v/KPMG Cyber & Legal