På vegne av Heimevernet inviterer vi til informasjonsmøte fredag 09.05 klokka 10.00 på Skaparhuset i Ulsteinvik. Då kjem Heimevernet representert ved Liaison offiserar Tore Liadal og Rudy Amundsen og informerer om Heimevernet si rolle som ein del av totalforsvaret i Norge.
Den geopolitiske situasjonen har på kort tid forandra seg. Vi har krig i Europa og de fleste land aukar forsvarsbudsjetta sine betydeleg. Norge skal blant annet bygge 28 nye militære skip i tillegg til 5 fregatter og 6 ubåtar. Men forsvaret av Norge er ikkje berre hær, luft og sjømilitære ressursar.
Kva meiner vi med totalforsvaret?
Kvifor har Heimevernet ei viktig rolle i det Norske forsvaret og kva er rolla?
Mange arbeidsgjevarar i Ulstein kommune sender tilsette på Heimevernsøving kvart år i 3-10 dagar, kvifor er dette viktig for totalforsvaret av Norge?
Kva er rolla til Heimevernet i ein krise situasjon som ikkje er krig, f.eks. Orkan, leiteaksjonar osv.
Årvåkenheit i samfunnet generelt, eit samfunnsansvar.
Ope for spørsmål til heimevernet.
Send e-post til frida@ulstein-nf.no dersom du ønskjer å delta.