Her får ein møte verkemiddelapparat som kommune, hoppid og Innovasjon Norge, som vil fortelje om sine ordningar, tilskot og moglegheiter. Møtet skal bidra til å lyfte fram dei som går med tankar om å utvikle noko på eigen gard og bidra til kontakt med støtteapparatet.

Prosjektet «Garden som ressurs», har som mål å stimulere til auka samarbeid og engasjement mellom lokale grûndarar.

Program

  • Velkommen v/ Vekst i Hareid og Ulstein næringsforum
  • Lokalt døme – Terje Grønmyr fortel om satsinga deira på Kråen Gard.
  • Informasjon frå landbrukskontoret v/ Anne Kathrine Løberg
  • Pause med servering
  • Verkemiddelapparatet kort forklart + Hoppid-ordninga si rolle ved tilleggsnæring, v/ Robert Voldnes
  • Andre landbruksbaserte næringar – Korleis Innovasjon Norge kan bidra, v/ kunderådgjevar Anita Vik Buckley
  • Spørsmål og diskusjon

Har du ein draum eller idé om bruk av garden din, er dette møtet perfekt for deg! Vi oppmodar deg som driv eller ynskjer å starte med ny næring på garden, til å delta.

Møtet er gratis, men vi må ha påmelding på grunn av planlegging av matservering.  Påmelding via lenke: https://forms.cloud.microsoft/e/mZwpc7zpVw

Får du ikkje meldt deg på via det digitale skjemaet, kan du sende ein e-post til christine.erdal@hareid.kommune.no

 

Vel møtt! 


Arrangørar

  • Det interkommunale landbrukskontoret for Herøy, Ulstein og Hareid
  • Vekst i Hareid
  • Ulstein næringsforum