Har du sikra bedrifta di mot angrep?

2019 var eit år der hacking, personvern og cyberangrep fekk stor mediemerksemd, noko som har auka interessa for cybersikkerheit. Kundar, tenesteleverandørar og forsikringsselskap har ulike roller når det gjeld å handtere cyberrisiko.

Sett av føremiddagen hos Tussa for å lære meir om dette viktige emnet. Du melder deg på hjå Tussa direkte.

NB. Begrensa tal plassar.

08:00 – 08:30
Registrering og frukost
08:30 – 08:45
Velkommen v/Norodd Dyrhovden
08:45 – 09:15
Alle er utsette for digitale truslar. Kva gjer vi med det? v/ Vigleik Hustadnes, Tussa IKT
09:15 – 10:00
Er cyberforsikring svaret? v/ Trond Anders K. Fossum, Eika Forsikring
10:00 – 10:10
Dataangrepsforsikring frå Sparebanken Møre v/ Chris Erlend Gati