Fredag 20. september kl.8:30 får vi besøk av Åse Wetås, direktør i Språkrådet, og Monika Haanes Waagan, dagleg leiar i Nynorsk bedriftsforum, på Skaparhuset. Alle er velkomne! Tema for møtet er kommunikasjon, språk og kunstig intelligens. Vi kjem til å prate om;

  • Språkrådet som samfunnsaktør og korleis vi i næringslivet kan bruke tenestene deira
  • Auka turisme gir behov for ein meir kompleks kommunikasjonsstrategi – korleis kan vi tilpasse oss reiselivet og samstundes bevare språkleg og lokal identitet?
  • Korleis påverkar kunstig intelligens dagleg drift og kva er konsekvensane?

Vi ser fram til informasjon og god diskusjon rundt desse spørsmåla. Velkomne 🙂

Meld deg på her

 

Dagleg leiar i Nynorsk bedriftsforum, Monika Haanes Waagan, skal leie møtet. Foto: Kristianne Marøy

 

Hovudbildet er av Åse Wetås. Foto: Oda Hveem