Tema er reiseliv, og vi er så heldige å ha med oss Tom Anker Skrede, reiselivssjef i Destinasjon Ålesund Sunnmøre som vil fortelje om reiselivsutvikling, Søre Sunnmøre-prosjektet og forventningar til sommaren 2023.

I tillegg ynskjer vi å ta ein liten diskusjon om «handelsstedet Ulsteinvik» som reiselivsdestinasjon. Detaljhandelen her ute er heilt unik med mange flotte nisjebutikker. Det er stor produkt- og kundekunnskap hos aktørane, og fleire av butikkane har holdt på i generasjonar. Det i kombinasjon med restaurantbyen Ulsteinvik, kultur- og båtliv, mjuke fjell, m.m. kan trekke mange turistar. Kva kan vi gjere for å rigge oss for det?

Vi serverer kaffe og croissants.

Velkomen 🤩