🌱 Ida Kleppe er kjend frå «Draumen om eit småbruk» på NRK. Ho var Bergen sin første bybonde og har nyleg gitt ut bok om å drive sin eigen kjøkkenhage. Ida tek sjeldan eit nei for eit nei, og er ekspert på å snu utfordringar til moglegheiter. Ida skal dele erfaringar frå eigne prosjekt, som har fått støtte mellom anna frå Innovasjon Norge, og korleis ho jobbar mot den grøne draumen.
🪸 Brian Tsuysohi Takeda er ein verdsengasjert pioner, gründer og pådrivar for å skape verdi gjennom naturrestaurering. Han står bak selskap som Restorae AS og Urchinomics, er leiar for Reforestation i Kelp Forest Foundation, og aktiv i Japan Blue Economy Association.
Gjennom arbeidet sitt viser han korleis vi kan snu miljøutfordringar til løysingar som både styrkjer naturen og opnar nye moglegheiter for menneske og samfunn.
💡 Robert Voldnes – seniorrådgivar i ÅKP entreprenørskap. Han hjelper gründerar å kome i gang med ideane sine, mellom anna gjennom hoppid-tenesta. Robert deler konkrete råd om korleis du kan ta steget frå draum til handling – og kva støtteordningar som faktisk finst.
Klar for ei særs inspirerande frukoststund? – meld deg på her: https://forms.office.com/e/EKUaLSNvjU
Vel møtt! 🥐