Dette er eit annleis arrangement som bygger bru mellom arbeidssøkarar og arbeidslivet, og som løftar fram inkludering som ein nødvendig del av framtida sin rekrutteringsstrategi.

Fabelaktig Fredag for arbeidslivet skal ikkje berre vere “nok ein konferanse” og “ei vanleg jobbmesse”, men eit ope arrangement der vi vil motivere, vere brubyggar, skape merksemd og inspirere.

Arrangementet er gratis for påmelde arbeidsgjevarar og vil vere fylt med inspirasjon, refleksjon, underhaldning og prisutdeling. Prisvinnarane er døme på korleis kreativitet og sosialt ansvar kan gå hand i hand med suksess i arbeidslivet.