Årets by- og tettstadseminar tar tak i eit høgaktuelt tema: Korleis bustadpolitikken kan vere eit verktøy for å løyse utfordringane kommunane står i.
Møre og Romsdal fylkeskommune har i samarbeid med Ulstein kommune, DOGA og Husbanken, gleda av å invitere til årets by- og tettstadseminar i Ulsteinvik 12.-13. juni!
Bustaden er ein grunnleggande faktor i livet vårt. Korleis skal vi planlegge og bygge slik at vi løyser samfunnsutfordringane og skapar meiningsfulle liv for folk som skal bu i husa, og på stadene våre?
Årets by- og tettstadseminar BU+STAD er ein inspirerande møteplass for deg som vil fylle på kunnskap, lære frå andre, sjå gode eksempel, diskutere og reflektere i lag!
Seminaret er relevant og opent for kommunar, næringsaktørar og andre som jobbar med, eller er interessert i bustad- og stadutvikling.
Seminaret varar frå lunsj til lunsj: Vi startar 12. juni kl. 11, og avsluttar 13. juni kl. 13. Det er rabattert pris på deltaking begge dagane.