Torsdag 13.april 2023 samarbeider Ulstein Næringsforum, Ulstein kommune og MAFOSS om å delta på jobbmessa «Bli med Hjem». I år er den på The Hub i Oslo – og her skal vi delta sammen med dei andre næringsforeiningane i fylket for å vise fram det beste Møre og Romsdal har å by på: eit spennande arbeidsliv og mange store moglegheiter i ein heilt fantastisk region der det er godt å jobbe og bu!

«Bli med Hjem» arrangerast av Molde Næringsforum, Kristiansund og Nordmøre Næringsforening og Næringsforeningen – Ålesundregionen.

Vi håper at mange bedrifter frå Søre Sunnmøre også ynskjer å delta på årets «Bli med Hjem». Tilsaman vil ca. 60 bedrifter frå Møre og Romsdal vere til stades og promotere bedrifta si og  inspirere studentar, unge nyetablerte og andre som er nysgjerrig på regionen vår til å sjå dei unike moglegheitene som finnes her.

«Bli med Hjem» går over to raske timar, der kvar ei bedrift har ein stand der ein kan promotere bedrifta og rekruttere inn. Det er derfor viktig at dei som ynskjer å delta frå bedrifta også kan seie noko om kva dei kan tilby.

Ulstein Næringsforum, Ulstein kommune og MAFOSS deltar saman med fleire kommunar og næringsforeiningar på Søre for å fortelje historia om Søre Sunnmøre, kvifor dette er ein unik region å bu og byggje i og kvar ein kan begynne om ein er interessert i å flytte vestover.

Har du lyst å promotere bedrifta di? Går de med planar om å rekruttere? Har du lyst å vere med å fortelje historia om kvifor det er godt å jobbe og leve her på kysten?
Påmeldingsfrist er satt til 15. mars.