Næringsforeiningane på Søre Sunnmøre (NæSS) ønskjer å invitere sine medlem til webinar om «Bli med hit!» fredag 16. februar klokka 09:00.
«Bli med hit!» har som mål å rekruttere arbeidskraft til regionen. Det er to messer årleg – ei i Oslo på våren og ei i Trondheim på hausten. Dette er ein god møteplass for næringslivet og potensielle framtidige sunnmøringar i Oslo- eller Trondheimsregionen.
Messa er ikkje berre for dei som treng å rekruttere no, men eit langsiktig arbeid med bulyst og omdømebygging for å trekke kloke hovud til regionen vår.
Neste messe er i Oslo 11. april på Clarion Hotel The Hub.Agenda for webinar:
- Velkomen ved NæSS.
- Trine Hofseth Helgå frå Ålesund Næringsforeining fortel om messa og gir oss praktisk informasjon om deltaking.
- Presentasjon av omdømeundersøkinga for Sunnmørsregionen som undersøkjer korleis vi vert oppfatta lokalt, regionalt og nasjonalt.
- Innlegg frå Per Einar Moldskred frå Ulstein Power & Control og Merete Alnes Mostue frå MMC First Process. Dei har delteke på «Bli med hit!» og skal fortelje om si oppleving og kvifor dei vel å prioritere denne messa.