Ulstein Næringsforum og Ulstein kommune ønsker å legge til rette for ein sosial og fagleg møteplass for byggnæringa på heile Søre der kunnskapsdeling, felles kompetanseløft, inspirasjon og motivasjon er målet.

Over to samlingar første og siste torsdagen i september set vi søkelys på bygg for framtida med berekraft og sirkularitet som sentrale stikkord.
Vi har invitert fleire dyktige og framoverlente aktørar frå fjern og nær som skal fortelje om prosjekta sine og arbeidet sitt med berekraft. Dette vil du ikkje gå glipp av!

 

PROGRAM 26. SEPTEMBER:

10:00
Dørene opnar – nytrakta kaffi, ferske sveler og deilig sylte og gele frå Gode Greier

10:15
STATSBYGG

Vi har fått med oss sjølvaste statens byggherre på den andre Berekraftig Bygg-samlinga på Skaparhuset i form av berekraftsdirektør Anders Fylling. Anders har ansvar for strategi og forretningsutvikling i Statsbygg, og med meir enn tjue års erfaring med energi og berekraft knytt til bygg er han ein stødig leiar for omstilling av offentlege bygg mot nullutslepp og sirkulærøkonomi. Anders er òg engasjert som styremedlem i Sirkulær Ressurssentral, som har som oppdrag å forenkle og auke ombruk av materiale frå byggnæringa på ein attraktiv måte.

10:55
WSP BERGEN (digitalt)
Det globale konsulent- og rådgjevingsselskapet WSP er blant dei beste fagmiljøa i verda på utvikling av berekraftig bygde samfunn. I september 2023 oppretta dei miljøavdeling i Bergen med Kari Mjømen som leiar.
Kari Mjømen er miljørådgjevar og har svært god kompetanse og lokal erfaring med ombruk og klimaarbeid. Ho er godkjent Breeam AP og har i det siste òg arbeida med fleire FutureBuilt-prosjekt og Svanemerket-bygg. Kari skal snakke om taksonomikrava knytt til sirkularitet og vise døme på ombruksløysingar i rehabiliteringsprosjekt.
Kristina Esposito er ingeniør innan bygningsfysikk og energi. Ho skal forklare kva som er taksonomikrava for klimareduksjon og energisparing i bygg- og rehabiliteringsprosjekt. Kristina har lang erfaring med energioptimalisering i verneverdige bygg i Bergen. Ho kjem òg til å gå gjennom diverse støtteordningar, og kjem nærare inn på moglegheiter for Enova-støtte til klimatiltak.

11:45
LUNSJ – påsmurt brødmat og sveler

12:15
STATSFORVALTAREN I MØRE OG ROMSDAL
Christina Qvam Heggertveit har vore fylkesskogmester hos Statsforvaltaren sidan 2017. Ho skal dele av kunnskapen sin rundt offentleg innkjøp som verktøy i det grøne skiftet og auka bruk av tre som materiale.

12:55
GC RIEBER EIENDOM (digitalt)
GC Rieber Eiendom har store ambisjonar i alle byggeprosjekta sine, spesielt med tanke på å oppnå grøne sertifiseringar, og det er dei etter kvart i ferd med å verte skikkeleg ekspertar på! Kanskje ikkje så rart at dei nyleg vart rangert høgast på Eiendomsbarometeret i Bergen for ellevte året på rad?
Ingunn Gjermundnes er prosjektsjef i GC Rieber Eiendom, og har hatt ansvar for Moxy Bergen (BREEAM-NOR Excellent), Krohnen (BREEAM-NOR Outstanding) og no Fenderen frå skisse til ferdig bygg. Vi ser fram til å høyre Ingunn fortelje om GC Rieber Eiendom sitt arbeid med berekraftige bygg!

13:35
SPENNCON
Spenncon er Norges leiande leverandør av byggesystem basert på prefabrikkerte betongelement. I fjor vart avdelinga deira på Hønefoss kåra til årets betongelementfabrikk.
Teknisk sjef Vegard Alme Ulstein og betongteknolog Elisabeth Leite Skare tek turen frå Spenncon avdeling Hjørungavåg for å fortelje om lavkarbonbetong, ombruk, modulært design for sirkulærøkonomi og arbeidet med utvikling av EPD’ar. 

 

Sørg for å halde av dato og spreie ordet vidare 😉

Facebook-arrangement
LinkedIn-arrangement
Gratis påmelding i lenka under.