Foto: Cecilie Hatløy

 

Då Ulstein Næringsforum i 2024 søkte tettstadsmidlar frå Møre og Romsdal fylkeskommune for å etablere ei toårig sentrumskoordinatorstilling, var målet å skape meir kraft i utviklingsarbeidet i Ulsteinvik. Dette skulle skje ved å tilretteleggje for og gjennomføre aktivitetar i sentrum, og kople næringsliv, frivillige lag og organisasjonar for å skape unike, berekraftige og innovative samarbeid. To år seinare er fasiten tydeleg.

 

Gjennom eit tett samarbeid mellom Ulstein kommune og Ulstein Næringsforum har sentrumskoordinatoren utløyst 8 585 000 kroner til sentrumsutvikling, berekraftsprosjekt, kunstsatsingar, møteplassar, arrangement og trivselstiltak! Midlane kjem hovedsakelig frå Møre og Romsdal fylkeskommune, Miljødirektoratet sine støtteordninger Natursats og Klimasats, i tillegg til Sparebank1 SMN, Sparebanken Vest, Sparebanken Møre og Sparebankstiftinga Søre Sunnmøre.

– Det finst mange gode idear i Ulstein. Både blant innbyggjarar, næringsliv, frivillige og politikarar. Utfordringa er ikkje å få ideane. Utfordringa er å ha kapasitet til å utvikle dei, søkje finansiering, samle samarbeidspartnarar og få dei ut i livet. Det er denne kompetansen og gjennomføringskrafta sentrumskoordinatoren har bidrege med, seier Ulstein Næringsforum.

 

Har gitt kommunen gjennomføringskraft

Stillinga har fungert som eit viktig bindeledd mellom næringsforum, kommune, næringsliv, handelsstand, gårdeigarar, frivillig sektor, Sentrumskrinsen Grendalag og innbyggjarar. Gjennom samarbeidet med Ulstein Næringsforum har kommuna fått tilgang til ein kapasitet som både søkjer etter kapital, utviklar prosjekt, søkjer finansiering hos samarbeidspartar og medlemmar, samlar samarbeidspartnarar og tek ansvar for gjennomføring, som f.eks. arbeidet med utvikling av Trivselsgata, som ikkje berre har resultert i fysiske tiltak i sentrum, men også skapt eit nytt engasjement rundt byutvikling og korleis ein ønskjer at Ulsteinvik skal utvikle seg vidare.

Dette arbeidet har vidare vore med på å leggje grunnlaget for fleire nye satsingar, mellom anna Natursats-prosjektet. Gjennom Natursats har Miljødirektoratet løyvd totalt 2,65 millionar kroner til å ta naturen tilbake til sentrum. I løpet av 2027 skal den attgrodde Arthurparken utviklast til det som blir den første naturparken i sitt slag i Møre og Romsdal, med både leik og område som legg til rette for biologisk mangfald og lokal klimatilpassing.

Ambisiøse og stadeigne kunstprosjekt gjennom både KORO og Kunstlandskap Midt er òg i gang. Det er etablert nye møteplassar gjennom Skaparhuset, og ei rekkje arrangement og aktivitetar har blitt gjennomførte.

Midt i sentrum av samarbeid og utvikling

Ein viktig del av arbeidet til sentrumskoordinatoren er å vere tett på pulsen i handelsstanden og fange opp behov, utfordringar og moglegheiter i sentrum. Gjennom tett dialog med butikkar, verksemder, gårdeigarar, lag og organisasjonar har Ulstein Næringsforum og sentrumskoordinatoren bidratt til at fleire aktørar dreg i same retning.

 

Målet er å skape meir liv i sentrum, styrkje næringsgrunnlaget, auke etableringslysta og gjere Ulsteinvik endå meir attraktiv som stad å bu, arbeide, etablere verksemd og besøke.

 

Ein sentral del i dette arbeidet har vore å engasjere lokalsamfunnet i utviklinga av sentrum. Gjennom møteplassar, sentrumsdugnadar, arrangement og medverknadsprosessar har innbyggjarane fått høve til å bidra med eigne idear og vere med på å forme utviklinga av Ulsteinvik.

 

Små grep som betyr mykje

Samtidig har sentrumskoordinatoren arbeidd med og skaffa finansiering til ei rekkje mindre og større tiltak for trivsel i sentrum og liv mellom bygga. Julstein har etablert seg som ein ny tradisjon med gratis aktivitetar og opplevingar gjennom adventstida. Permanente julelys og vinterlys som bidreg til trivsel, identitet og tryggleik i den mørkaste delen av året er på plass. Gjennom sentrumsdugnadar har innbyggjarar i alle aldrar blitt inviterte til å ta aktiv del i utviklinga av byen sin. Kvart år blir det kjøpt inn og planta til saman ti store blomsterurner som kommunen plasserer ut i sentrum. Slike tiltak kan sjå små ut kvar for seg, men er med på å skape eit meir attraktivt og triveleg sentrum for både innbyggjarar og besøkjande.

 

Framtidsretta satsingar

Funksjonen har også vore viktig for å løfte større berekraftsprosjekt. Fagdagane Berekraftig Bygg samla aktørar frå heile regionen og vart starten på det som no har utvikla seg til eit regionalt forprosjekt for ombrukssentral for byggemateriale på Søre Sunnmøre. Her har Ulstein kommune og Volda kommune til saman fått 1,35 millionar kroner frå Miljødirektoratet for å kartleggje potensialet for meir ombruk i byggnæringa.

Sentrumskoordinatoren er prosjektleiar for dette arbeidet, som no ligg an til å få betydning langt utover kommunegrensene.

 

Pengane blir verande i Ulstein

Mesteparten av midlane har blitt reinvesterte i Ulstein gjennom kjøp av lokale tenester, fagkompetanse, prosjektleiing, arrangement, aktivitetar og utviklingsarbeid.

På den måten har midlane også skapt aktivitet, arbeidsoppdrag og verdiskaping for lokale aktørar.

– Dette er pengar som i stor grad aldri ville kome til Ulstein dersom ingen hadde hatt tid og kompetanse til å utvikle prosjekta og skrive søknadane. Endå viktigare er det at pengane blir omsette til konkrete tiltak som folk ser og opplever i kvardagen, seier Ulstein Næringsforum.

Framtidas sentrum kjem ikkje av seg sjølv

Ulstein kommune har ambisjonar om å utvike eit attraktivt, levande og framtidsretta sentrum. Erfaringane frå dei siste to åra viser at slike ambisjonar krev meir enn gode planar, dei krev kapasitet til å gjennomføre. Sentrumskoordinatoren har samla trådane, kopla menneske saman, utvikla samarbeid, funne finansiering og sørga for framdrift. Resultatet er ikkje berre over 8,5 millionar kroner i eksterne midlar, men eit sentrum med fleire møteplassar, meir aktivitet, sterkare samarbeid mellom kommune og næringsliv, større engasjement frå innbyggjarane og ei rekkje prosjekt som elles truleg aldri ville blitt realiserte.

 

No er der berre att midlar til å halde sentrumskoordinatoren i sving fram til sommaren 2027. Ulstein Næringsforum håper at både Ulstein kommune og innbyggjarane i kommunen ønskjer å prioritere å halde denne stillinga i arbeid vidare framover. Tilgjengelege midlar hamnar ikkje i Ulstein av seg sjølv. Det må gjerast ein innsats. Lat oss difor behalde sentrumskoordinatoren også etter sommaren 2027.