FIRST LEGO League er meir enn ein konkurranse – det er læring i praksis. Gjennom hausten jobbar barn og unge med teknologi, innovasjon og samarbeid, der dei får utforske verkelege problem, finne eigne løysingar og utvikle framtidskompetanse saman i lag.

På Søre Sunnmøre er dette eit felles løft for regionen. Skular, lærarar, kommunar, frivillige og næringsliv står saman om å gi elevane ei oppleving av meistring, skaparglede og ekte engasjement for realfag.