I mars 2025 etablerte Ulstein Næringsforum U37 Søre Sunnmøre saman med MAFOSS og inviterte inn til fyrste møte i nettverket på Skaparhuset. Etter det kopla Vekst i Hareid seg på, og vi søkte og mottok midlar frå Sparebanken Møre som gjorde oss i stand til å bygge nettverket og invitere inn til ulike typar samlingar.

I dag består nettverket av over 100 unge i næringslivet på Søre Sunnmøre, som deltek på foredrag, frukostmøtar, kompetanseheving, bedriftsbesøk og sosiale samlingar.

Vi har i utgangspunktet seks samlingar i året på ulike locations i Ulsteinvik og Hareid. Fra og med 2027 vil vi jobbe med å kople Ørsta og Volda tettare på nettverket.

Er du interessert i å delta på eit treff er det berre å melde seg på. Ta gjerne kontakt med oss, og følg oss gjerne på Facebook eller Linkedin der vi jamnleg legg ut informasjon om nye møter i nettverket.