Samlinga i Trondheim gav nyttig innsikt i korleis vi kan skape kunst som er relevant, nyskapande og forankra i lokalsamfunnet. Fleire viktige tema vart løfta fram – mellom anna behovet for å gi kunsten rom, unngå “meir av det same”, og sikre tid til modning og utvikling.

Det vart også understreka kor avgjerande medverknad og ei felles plattform for samarbeid er for å få gode prosessar og resultat.

Arbeidet vidare blir både lærerikt og spennande, og vil vere med på å prege identitet, sentrum og opplevingar i Ulstein og Herøy dei komande åra.

Vi ønskjer innspel frå alle som vil bidra til å forme framtidas kunst i Ulstein.
Del gjerne tankar og idear i innspelsskjemaet vårt her