I fjor vart møtet arrangert på Hareid, og interessa var så stor at det raskt vart fullteikna. No ønskjer vi å gi fleire høve til å delta, og inviterer difor til nytt møte i Ulsteinvik.

Her får du møte landbrukskontoret og verkemiddelappartet representert ved hoppid. Dei vil dele informasjon om ordningar, tilskot og moglegheiter for deg som vurderer tilleggsnæring eller anna utvikling på garden.

I tillegg kjem Terje Grønmyr frå Kråen Gard i Sande kommune. Dei har på kort tid utvikla garden til å bli ein skikkeleg reiselivsdestinasjon med fokus på lokale råvarar.

Målet med møtet er å inspirere, gi nyttig kunnskap og skape kontakt mellom lokale gründarar og støtteapparatet. Vi ønskjer å stimulere til meir samarbeid, engasjement og verdiskaping i landbruket,  og satsar på skikkeleg inspirasjonspåfyll denne kvelden!

Program

Har du ein idé eller ein draum knytt til garden din, er dette ei flott moglegheit til å få inspirasjon og rettleiing, og møte andre som også vurderar å starte opp med noko.

Vi oppmodar deg som driv, er nysgjerrig eller ønskjer å starte ny næring på garden til å melde deg på!

Påmelding:Garden som ressurs – Fyll ut skjema

Det vert lett servering av mat og drikke.
Vel møtt!