Året starta med Kick Off 2025, der vi sette kursen med inspirasjon og visjon for året som no ligg bak oss.

Ei av dei store satsingane i vår var Ship Technology Days, ei todagars-samling for maritim teknologi i Ulsteinvik der rundt 100 deltakarar fekk fagleg påfyll, var på bedriftsbesøk hos leiande aktørar som Green Yard Kleven og Kongsberg Maritime og bygde nettverk på Skaparhuset. Ship Technology Days, som vi samarbeidar med GCE Blue Maritime om, har i løpet av få år etablert seg som ein sentral nasjonal møteplass innan maritim teknologi.

Leiarkonferansen 2025 vart eit solid høgdepunkt for leiarskap og samarbeid. Med temaet «Frå samarbeid til suksess» fekk meir enn 140 deltakarar innsikt i korleis god kultur, inkluderande arbeidsmiljø og samarbeid mellom aktørar gir konkrete resultat. Frå Europa-analysar til tankevekkande refleksjonar om arbeidsliv og kvinnehelse, og ikkje minst inspirerande døme på korleis eigne verdiar kan omsetjast til handling — konferansen leverte både på fagleg innhald og nettverksbygging.

I tillegg har vi gjennom året arrangert ei lang rekkje frukostmøte, ettermiddagstreff og faglege foredrag med fokus på kompetanseheving, kunnskapsdeling og fellesskap, inkludert eit svært vellukka kundebegeistringsforedrag med Katarina Lalander som samla over 100 deltakarar frå medlemsbedriftene.

Gründerskap og entreprenørskap har òg vore fokus. Ulstein Næringsforum ønsker å legge til rette for lågterskel møteplassar der nye idear kan utviklast, testast og få retning. Arrangement som Start Smart, Gründergløgg og Grøn gründerkraft i samarbeid med hoppid har gitt både nye og etablerte gründerar fagleg påfyll, nettverk og moglegheit til å få konkret rettleiing i tidleg fase.

Rekruttering, inkludering og kampen mot utanforskap

Rekruttering og inkludering har vore høgt på agendaen i 2025. Vi hadde kick-off for Spring Trainee Søre Sunnmøre, med seks traineear frå verksemder som Tussa, Brimer, Restorae, Reknehuset, Driv Økonomi og Olympic — eit konkret bidrag for å få unge vaksne til å bu, jobbe og utvikle seg i regionen vår.

U37 Søre Sunnmøre-nettverket, etablert i samarbeid med Mafoss og Vekst i Hareid, har samla fleire hundre unge til kompetanseheving, bedriftsbesøk og sosiale treff. Dette er eit tydeleg svar på behovet for ein inkluderande møteplass for unge i næringslivet.

Vi har òg representert Søre Sunnmøre med stand på det nasjonale Bli med hit-arrangementet i Oslo for å rekruttere ny arbeidskraft, og har i lag med NAV og NHO arrangert møte i Ulsteinvik med fokus på arbeidskraft, inkludering og reduksjon av sjukefråvær.

Vi har også vore så heldige å ha prakiselevar frå Ulstein vidaregåande skule hos oss gjennom året. Det har vore veldig kjekt å jobbe saman med dei og få innspel frå ungdomen på kva dei meinar er viktig når det kjem til sentrumsutvikling, rekruttering og bu- og besøkslyst, og, ikkje minst, vise fram kva fantastiske moglegheiter som finst her i området.

Eit levande sentrum – for folk og næring

Å gjere sentrum til ein stad som inviterer både innbyggjarar og tilreisande har vore eit sentralt fokus. Trivselsgata har fått nytt liv med fine benkar, beplantning og fargar – eit samarbeid med kommunen og med støtte frå fylket og Sparebankstiftinga for å gjere sentrum tryggare og trivelegare.

Vi har løfta fram natur i byromet med aktivitetar som Ulsteinbiene og blomsterutplanting, og ikkje minst gjennom Natursats-prosjektet, der vi i samarbeid med kommunen har fått 300 000 kroner frå Miljødirektoratet til tiltak som fremjar natur og biomangfald i bylivet.

I desember har vi hatt fullt fokus på å endeleg få på plass permanente vinterlys som vil lyse opp og gjere det koselegare og tryggare i sentrum i den mørkaste tida. Gjennom Julstein adventskalender har vi i tillegg gjennomført kjekke og inkluderande aktivitetar som Luciatog, opning av pepperkakeby og julemagi i Trollskogen i tett samarbeid med Ung Arena, Frivilligsentralen, Frivilligsentralen Ung og biblioteket. 

Samfunnsengasjement og næringspolitisk påverknad

Som ein aktiv samfunnsaktør har Ulstein Næringsforum stått på for å løfte næringspolitiske tema gjennom året. Vi har vore med på å arrangere politisk pub og folkemøte med debatt i samband med valåret 2025 saman med NHO og Mafoss — ein arena for å møte politikarar og diskutere viktige saker for næringsliv og samfunn.

I tillegg har vi vore ei tydeleg stemme i saker som hurtigbåtavgang frå Hareid, Stad skipstunnel, Fair Play Møre og Romsdal og Læring for Næring, der vi har bidrege til å samle næringsinteressene. Vi har òg styrka det lange samarbeidet med Ulstein kommune om tiltak som Trivselsgata, og jobba tett med Sykkylven og NæSS om felles utfordringar innan samferdsel og rekruttering — sist gjennom engasjementet i inkluderingsløftet Vaktskifte i samarbeid med næringslivet.

Små og store bidrag som betyr mykje

Det handlar ikkje berre om store arrangement. I 2025 har vi samla næringsliv og innbyggjarar til dugnadar i parken bak legesenteret og på Kulturallmenningen, sett ut fargerike blomster i sentrum med støtte frå Sparebanken Møre og SpareBank 1 SMN, og gjennomført den årlege ringerunda med næringslivet i samband med TV-aksjonen, som samla inn over 131 000 kroner.

Gjennom året har også fleire av våre gode medlemsbedrifter feira jubileum! Vi er svært stolte av den fantastiske jobben dei legg ned kvar dag, og vil juble litt ekstra for Pernilles Clinique (25 år), Amfi Ulsteinvik (20 år) og Havblikk Optikk (20 år) og løfte fram kor viktig deira bidrag er for næringslivet og lokalsamfunnet.

Eit veksande og relevant fellesskap

I løpet av året har Ulstein Næringsforum tatt imot fleire nye medlemar, som Meson Group, Metizport, John Gjerde, Sporty, Sparebanken Norge og JoDa Media.

Vi er veldig glade for å ha enda fleire flotte medlemar med på laget, og bretter opp ermane og jobbar på vidare med å vere eit framoverlent, inkluderande og relevant næringsforum.

Alt vi gjer handlar om å skape verdi for medlemsbedriftene og for Ulsteinsamfunnet som heilskap. Når vi samlar folk, deler kunnskap og jobbar saman, skapar vi meir enn det vi klarer kvar for oss.

Tusen takk til alle saman for eit flott samarbeid i året som har gått!

Bilete: Cecilie Hatløy