30. november – 1. søndag i advent

✨ Adventsstund på Skollebakken kl.15:00-16:30
I år er det adventsstund på Skollebakken, der har vi ein flott gapahuk. Her blir det servert nissegraut, kakao og pepperkaker. I år som tidligare kjem nissen på besøk. Vi avsluttar med å gå i fakkeltog til julegrantenninga på rådhusplenen. Ta gjerne med ein fakkel.

🎄 Julegrantenning på rådhusplenen kl.17:00
– Musikklaget Ulf
– Musikkinnslag
– Appell
– Tenning av julestjerna på Osberget
– Tenning av julegrana
– Gang kring treet

1. desember – mandag

📮 Postkassa til nissen opnar utanfor Tijera

🎁 Vinn premie: Julekonsert frå Kulturkirken Jakob på Sjøborg

2. desember – tirsdag

🎨 Juleverkstad på Ulstein bibliotek kl.14:00-18:00
Vi pyntar pepperkakehjerter og pepperkakehus til pepperkakebyen. Verkstaden er i regi av UKM Ulstein, og alle er velkomne!

🌲 «Alle skal opp på Osberget» kl.15:00
Start ved gapahuken i Bugarden. Tilbake ved gapahuken i Bugardsmyra vert det ei lita sosial stund med medbrakt kaffi for dei som har lyst til det.
Turen går slakt oppover, den er ikkje lang og den er for alle – også rullestolbrukarar.
Takk til initiativtakar Gunfrid Brandal Dukefoss som inviterer til å gå denne turen til flotte Osberget saman kvar tirsdag – sjekk ut Facebooksida til turgruppa.

3. desember – onsdag

🎁 Vinn premie frå Bizarre – dobbel vinnarsjanse ved å registrere seg i butikken!

4. desember – torsdag

☕ Gründergløgg på Skaparhuset kl.16:30-18:30
Vi inviterer til Gründergløgg – ein sosial og inspirerande ettermiddag for deg som er gründer, sjølvstendig næringsdrivande, eller berre nysgjerrig på gründerlivet.
Møt andre skaparglade folk, få påfyll av inspirasjon og kos deg med gløgg (med og utan futt i), julekaker og gode samtalar på Skaparhuset.

🎪 Julemarknad med handlaga varer på Alti Blåhuset
I år finn du dei i 2.etasje i lokala ved Sunkost (gamle Aky- og Creativo-lokala).

5. desember – fredag

🧶 StrikkeTerje på Norli Amfi kl.17:30
Terje Tjelle presenterer den nye Vottestrikkeboka og viser inspirerande modellar.
Studio Lun kjem med Raumagarn, og Sunnmøre Strikkefestival deler nytt om festivalen i 2026.
Vottekonkurranse: Ta med eit par restegarnsvottar (nye eller brukte). Det mest kreative paret vinn vottar frå StrikkeTerje!
Gratislotteri: Vinn strikkebøker og kinobillettar til strikkekino i Fosnavåg!
Kjøp kaffi hos Braud og ta med inn. Begrensa med bordplass – men vi klarer å dele 🙂
Ta med ein ven, med eller utan strikketøy!

🎪 Julemarknad med handlaga varer på Alti Blåhuset
I år finn du dei i 2.etasje i lokala ved Sunkost (gamle Aky- og Creativo-lokala).

6. desember – laurdag

🎅 Nissen opnar pepperkakebyen på biblioteket kl.11:30
Velkomen til ein av dei kjekkaste dagane i adventstida på Ulstein bibliotek!
📖 Kl. 11:30 startar vi med lesestund medan vi ventar på nissen – ei koseleg stund for små og store som vil kome i julestemning.
🎅 Kl. 12:00 kjem sjølvaste nissen for å opne pepperkakebyen 2025!
Etterpå får alle som vil helse på nissen og kanskje kome med eit ønske eller to.

🎹 Julejam på Creativo kl.13:00-15:00
Kom og nyt grooven når intimscena på Creativo skal innviast av eit knippe eminente musikarar.

🎪 Julemarknad med handlaga varer på Alti Blåhuset
I år finn du dei i 2.etasje i lokala ved Sunkost (gamle Aky- og Creativo-lokala).

7. desember – 2. søndag i advent

🎁 Vinn premie: Julekonsert med Ulstein storband på Sjøborg

8. desember – mandag

🎁 Vinn premie: Gåvekort på Ulsteinbadet

9. desember – tirsdag

🎁 Vinn premie frå Overvåg

🌲 «Alle skal opp på Osberget» kl.15:00
Start ved gapahuken i Bugarden. Tilbake ved gapahuken i Bugardsmyra vert det ei lita sosial stund med medbrakt kaffi for dei som har lyst til det.
Turen går slakt oppover, den er ikkje lang og den er for alle – også rullestolbrukarar.
Takk til initiativtakar Gunfrid Brandal Dukefoss som inviterer til å gå denne turen til flotte Osberget saman kvar tirsdag – sjekk ut Facebooksida til turgruppa.

10. desember – onsdag

🔥 Grill, spikk og leik i sentrum med Ulsteinspeidaren
Rundt våre leirbål er det plass til alle – det vert bålpanner, pinnebrøddeig, ein spikkestasjon for å lage grillspyd og livliner som ungane kan få prøve.

11. desember – torsdag

🏃 JuleTerskelTorsdag i Ulsteinhallen med Sport 1 Ulsteinvik og Hareidlandet Triatlon kl.20:00
TerskelTorsdag er eit kjekt og sprekt konsept som starta med at Sport 1 Ulsteinvik ønskte å trene saman med kundane sine. No er det etter kvart veldig mange som har oppdaga TerskelTorsdag, og kjenner på gleda ved å vere med på ei sosial og dermed ekstra motiverande intervalløkt kvar veke 🔥
Økta skjer under trygg leiing av Daniel Slettebakk, og det er ingen konkurranse – her held du ditt eige tempo og kosar deg i den farta som dine bein og puls synst er utfordrande nok.
Vel møtt!

12. desember – fredag

🎁 Vinn premie frå Kitch’n – dobbel vinnarsjanse ved å registrere seg i butikken!

13. desember – laurdag

✨ Gratis julekino – Jul i Flåklypa – på Sjøborg kl.14:00 (FULLBOOKA)
Her er det berre å lene seg tilbake, nyte kinostemninga og kome i skikkeleg julestemning saman med Ludvig, Solan og Reodor Felgen. Etterpå samlast vi til Luciatog i Trivselsgata (sjå eige arrangement).
Kinoen er sponsa av Sparebanken Møre og Sjøborg 💛

👼 Luciatog gjennom Trivselsgata – oppmøte på rådhusplenen kl.16:00
Vi startar ved rådhuset med utdeling av faklar og musikk før toget går samla gjennom Trivselsgata. Undervegs blir vi møtt av song og tonar frå fleire lokale musikarar.
Ved gapahuken på Skollebakken ventar ei koseleg avslutning med gløgg, lussekattar og meir song.

Ta med familie, vener og naboar – små og store er velkomne til å delta i toget, eller berre kome for å nyte stemninga langs ruta.

14. desember – søndag

🍽️ Gratis foredrag på Ulstein bibliotek med ernæringsfysiolog Kari Brandal kl. 11:15-12:00
Tema: Spis Smart – del av programmet for Møre Handballdraum

🎁 Vinn premie: Sponsa av Gjerde Rør

15. desember – mandag

💛 Hjertevarme: Denne dagen vil vi oppfordre alle til å støtte Hjertevarme-aksjonen – Vipps #848064
Les meir på Ulstein Frivilligsentral sin Facebook

16. desember – tirsdag

🎁 Vinn premie frå Pernilles Clinique

🌲 «Alle skal opp på Osberget» kl.15:00
Start ved gapahuken i Bugarden. Tilbake ved gapahuken i Bugardsmyra vert det ei lita sosial stund med medbrakt kaffi for dei som har lyst til det.
Turen går slakt oppover, den er ikkje lang og den er for alle – også rullestolbrukarar.
Takk til initiativtakar Gunfrid Brandal Dukefoss som inviterer til å gå denne turen til flotte Osberget saman kvar tirsdag – sjekk ut Facebooksida til turgruppa.

17. desember – onsdag

🎁 Vinn premie: Gåvekort på Ulsteinbadet

18. desember – torsdag

🎁 Vinn premie frå Bjørklund – dobbel vinnarsjanse ved å registrere seg i butikken!

19. desember – fredag

🌲 Julemagi i Trollskogen og julerebus

20. desember – laurdag

🌲 Julemagi i Trollskogen og julerebus
Lesestund med varaordførar Lisa Mari kl.17:00

21. desember – søndag

🎁 Vinn premie: Sponsa av Tussa

22. desember – mandag

🤸 Aktivitetsdag for familiar i hallen på Ulstein Arena kl. 11:00

🎬 Julefilm på biblioteket kl. 13:00

23. desember – tysdag

🎬 Julefilm på biblioteket kl. 13:00

🎁 Vinn premie: Goodie bag sponsa av Sparebank 1 SMN

24. desember – onsdag – julaftan

🎄💫 Open julefeiring på Kjeldsund leirstad og gjestegard
Kjeldsund, Ulstein sokn og Herøy sokn inviterer inn til julefeiring på Kjeldsund – meir informasjon her.

God jul!

Med atterhald om endringar.

Følg med på Ulstein Næringsforum si Facebook-side for informasjon om korleis du kan vinne premiar 🎁
Du finn også Facebook-arrangement for aktivitetane viss du søker på «LUKE» og nummer.

Vi vil rette ein stor og varm takk til Sjøborg, Ulstein Arena, Ulsteinbadet, Ulstein Frivilligsentral UNG, Ulstein bibliotek, Skaparhuset, Sparebanken Møre, Tijera, Norli Amfi, Overvåg, Kitch’n, Bjørklund, Tussa, Sparebank 1 SMN, Creativo, Mjøl & Meir, Tegneren, Ulsteinspeidaren, Pernilles Clinique, Bizarre, Sport 1 Ulsteinvik, Hareidlandet Triatlon og Gjerde Rør for bidrag i form av spons, aktivitetar og premiar!