Fabelaktig Fredag

For første gang vil vi invitere næringslivet og dyktige arbeidsgivere til Fabelaktig Fredag på Søre Sunnmøre 07.11.2025

Stad: Quality Hotel Ulstein
Dato: 07.nov
Tid: 15:30 – 18:00

Fabelaktig Fredag for arbeidslivet

For fyrste gong arrangerer vi Fabelaktig Fredag for arbeidslivet på Søre Sunnmøre. Dette er eit annleis arrangement som bygger bru mellom arbeidssøkarar og arbeidslivet, og som løftar fram inkludering som ein nødvendig del av framtida sin rekrutteringsstrategi.
Fabelaktig Fredag for arbeidslivet skal ikkje berre vere “nok ein konferanse” og “ei vanleg jobbmesse”, men eit ope arrangement der vi vil motivere, vere brubyggar, skape merksemd og inspirere.
  • Dato: 07.november
  • Stad: Sjøborg kulturhus, Sjøgata 10, Ulsteinvik
  • Dørene opnar kl 15:30. Mingling og matbit frå Mjøl og Meir
  • Programmet startar kl 15:45
  • Programmet er slutt ca 18:00
Arrangementet er gratis for påmelde arbeidsgjevarar og vil vere fylt med inspirasjon, refleksjon, underhaldning og prisutdeling.

Prisvinnarane er døme på korleis kreativitet og sosialt ansvar kan gå hand i hand med suksess i arbeidslivet.

Dame med kort hår. ute med biler i bakgrunnen
Yvonne Haagensen

«This is Yvonne» har teke sosiale medium med storm gjennom sin smittande latter og ekte formidling av livet på Sunnmøre. Vi ser fram til at ho sprudlande leier oss gjennom programmet under Fabelaktig Fredag. Bak den humoristiske Yvonne ligg også ei historie om eigen kamp for å delta i arbeidslivet, som minner oss på verdien av å vere seg sjølv.

Portrett av middelaldrende mann lyst hår skjorte og dressjakke smiler
Håvard Moe

Håvard blir omtala som kommuneekspert, og har jobba i KS-Konsulent sidan 2003. Håvard utfordrar oss på at vi må tenkje nytt – både arbeidsgjevarar og arbeidstakarar – på korleis vi i framtida må jobbe for å oppretthalde velferdssystemet vårt. Vi manglar arbeidskraft!

 

Portrett Dame med kort lyst hår. svarte klær. busk i bakgrunnen
Mone Celin Skrede

Mone Celin vaks opp på Sunnmøre. Ho er født med ei arm som er kortare enn den andre, og ho har kjent seg utanfor. Ho har jobba som journalist i Dag og Tid, Nationen og Aftenposten. I dag arbeider ho med kommunikasjon i Uloba, ein organisasjon som fremjar likestilling for funksjonshemma og borgarstyrt personleg assistanse (BPA). Fyrst i møte med andre, fann ho seg sjølv. I 2025 ga ho ut den personlege boka «Mi høgre hand: Mot ein identitet som funksjonshemma». Ho håpar at den kan bidra til å starte samtalar om identitet og om å passe inn.

 

Selfie av ung mann holder en fisk foran et vann på fjellet
Håkon Stokke

Håkon (17) frå Sæbø har på kort tid blitt eit kjent namn i sosiale medium, med over 320000 følgarar fordelt på TikTok, Snapchat, Instagram og YouTube. Han når eit breitt publikum med humoristiske, direkte og engasjerande innspel om kvardagsfrustrasjonar og samfunnstema. Gjennom sin eigen stil og evne til å skape gjenkjenning, bidreg Håkon til å setje ord på utfordringar knytte til fellesskap, forskjellar og kven som får vere med – og løftar dermed viktige samtalar i dagens ungdomskultur.

Portrett av mann kortlyst hår og svart pque skjorte med logoer armene i kryss
Herman Brune Leikanger

Herman har bakgrunn som Ungdomsarbeider og er utdanna Musikalartist. Han jobbar i Metizport, ein E-sportklubb som starta som kompisklubb på guteromet i 2018 og no er eit anerkjent internasjonalt varemerke. Klubben har lag som konkurrerer i verdstoppen, men har eit tydelig mål om å jobbe mot utanforskap med gaming som hovudverktøy. Deira hovudkontor i Myrvåg er ein møteplass for folk i alle aldrar som likar å game.

Portrettbilde av mann middelaldrende brrunt hår lysbrun skjorte smiler
Bjørne Bjørnson Skarbøe

Bjørne veit korleis det er å stå utanfor arbeidslivet i lang tid – for så å finne vegen tilbake. I dag jobbar han som foredragshaldar og karriererådgjevar, der han hjelper menneske som står utanfor eller skal finne ei ny retning i livet. Han held foredrag om mental helse, arbeidsmiljø og inkludering og viser korleis arbeidsgjevarar vinn på å sjå verdien i kandidatar med ein annleis bakgrunn enn den klassiske A4-søkjaren.

vimpler

 

Prisutdeling

🏆Ungdomssatsaren 2025

Denne prisen går til en bedrift som har ansatt unge under 30 inneværende år. Synliggjør og bidrar til sosial bærekraft. God holdning til inkludering vi har sett resultat av over tid. Bedriften har strukket seg lengre enn forventet for å inkludere unge under 30. Bevisst holdning til å gi unge en mulighet i arbeid. Solid arbeidsgiver som har strategier for rekruttering og kompetanseutvikling.

De nominerte bedriftene er:

  • Hareid Group
  • Green Yard Kleven
  • Vartdal Plast AS

🏆Nyskaparen 2025

Prisen går til en bedrift som tenker nytt rundt rekruttering, inkludering og mangfold. Har benyttet eller benytter kreative løsninger som har ført til jobb og god løsning over tid. Har valgt nye veier for å få til kompetanseheving i egen bedrift. Har fått til en ekstraordinær løsning for en jobbsøker. Bedriften har strukket seg lengre enn hva som er forventet.

De nominerte bedriftene er:

  • ODE Vartdal
  • Metizport
  • Volti

🏆Årets Eldsjel

Her er det din stemme som teller!

Prisen går til en person som har utmerket seg med det «lille ekstra» for at prosessen for jobbsøker har vært god. Brenner for sitt yrke og inkludering.

De nominerte personene er:

Kvinne portrett kort hår smiler
Åse Pilskog, Nav.

Åse Pilskog har gjennom eit langt og innhaldsrikt yrkesliv i det som tidlegare var Arbeidsformidlinga, Aetat og no Nav, lagt ned ein utretteleg innsats for å følgje opp og inkludere jobbsøkjarar i arbeidslivet. Ho har alltid gitt det lille ekstra for brukarane og funne gode løysingar for dei i samarbeid med bedriftene og samarbeidspartnarar. Ho har hatt ei eigen evne til å kople brukarane sine ønskjer og behov opp i mot moglegheitene i arbeidsmarknaden. Åse brenn for jobben sin, og arbeidsgleda hennar har vore til inspirasjon for andre.

 

Portrett av kvinne kort hår og fargerike klær
Ann Turid Egset, Møre og Romsdal Fylkeskommune.

Ann Turid har vore tilsett hjå Fylkeskommunen, med arbeidsstad Ørsta vgs, sidan 1. august 1989. Ho er ei handlekraftig dame med eit varmt hjarte, noko alle rundt ho legg merke til. Likevel stiller ho også tydelege krav, og ho forventar at alle bidreg med det ein kan. Dette gjeld både ungdommen ho fyl opp, andre aktørar i det offentlege, samt bedrifter som tek ungdommen inn.

Ann Turid har ei unik evne til å kommunisere med ungdom, og særleg dei som slit og har utfordringar. Ho gir ikkje opp, sjølv kor lang tid det tek å oppnå ein ørliten relasjon med den einskilde ungdommen. Ho har eit stort nettverk, både innan sitt eige fagfelt, med samarbeidspartar, samt arbeidsgivarar. Ho nyttar nettverket til det fulle for å gi ungdommen ein sjans til å fullføre utdanning eller å kome seg i arbeid. Ann Turid har stor tru på den einskilde sine evner og ressursar. Ho bygg vidare på desse saman med laget rundt ungdommen.

Ann Turid har ein enorm arbeidskapasitet, og ho fyl alle «sine» TETT og individuelt opp. Ho er ei eldsjel både privat og profesjonelt. Ann Turid har ei unik evne til å inspirere, motivere og brenn verkeleg for å gi unge ein sjanse. Ho utforskar alle moglegheiter og tek ofte ikkje et nei for et nei, ho har eit sjeldan pågangsmot til å stå i vanskelege og utfordrande oppfølgingssaker- fordi ho veit kor viktig det er for den enkelte unge å oppleve meistring.

portrett mann mørk skjorte
Olav Stokke, Furene AS.

Olav Stokke har vore tilsett i Furene sidan 2005. Dei siste 11 åra har han vore marknadskoordinator i Furene AS , der han har gjort ein formidabel innsats for inkludering i arbeidslivet. Gjennom arbeidet sitt har han vore med på å skape varige jobbmatchar mellom menneske og verksemder. Han ser menneska bak CV-en og løftar fram ressursane i kvar enkelt. Med varme, engasjement og pågangsmot byggjer han bru mellom dei som treng arbeid og dei som treng arbeidskraft. Olav er kjent for å vere løysingsorientert, og han motiverer både kollegaer og samarbeidspartar til å sjå moglegheitene framfor hindringane. Olav sin filosofi er: «Vil du – Kan du og kva vil du jobbe med». Han er ei eldsjel som gjennom arbeidet sitt gjere lokalsamfunnet rikare – både menneskeleg, sosialt og samfunnsøkonomisk.