Og det blei meir blomster i sentrum!

Vi fekk inn mange kjempegode forslag, og blant dei var eit forslag sendt inn av Ågot Helen Stafseth. Ho ønskte seg meir blomster i sentrum, og det skal vi no få til slik at Ulsteinvik blir ein fargerik og blømande sommarby for alle som bur og besøker! Tusen takk for eit flott innspel, Ågot!
-Det var utruleg mange fine, kreative og kjekke forslag som kom inn. Vi tek med oss alle flotte innspel og ser om det er mogleg å jobbe vidare med nokon av dei etterkvart, seier Anna Klara Måseide, dagleg leiar i Ulstein Næringsforum.

-Vi må nok eingong få takke så hjarteleg til Sparebanken Møre og Sparebank1 SMN som har sponsa dette fantastiske tiltaket! No er det berre for oss å få sommarblomstrane på plass, slik at vi alle saman kan nyte dei lenge – og gjerne i deilig sommersol, avsluttar Måseide.

 

Bilete: Annie Spratt//Unsplash