Det er klart at sentrumsplanen vil legge føringer for dei som driv næringsliv i sentrum. Vi er difor opptekne av å løfte fram næringslivet sine perspektiv og i fellesskap få til ein god debatt med kommuna om sentrumsplanen.

Ulstein Næringsforum vil difor invitere kommuna inn på eit frukostmøte over påske for å møte våre medlem og høyre næringslivets tankar.
Dette vil vere ei god anledning å for deg som medlem å komme med innspel og diskutere løysinger.

Vi kjem tilbake til tid og stad for frokostmøtet. Samtlege medlem vil få tilsendt e-post med invitasjon.

 

Bilete: Ulstein kommune