Offentlege taldata gir ikkje rett bilete av næringslivet lokalt. Grunnen er at tala baserer seg på innrapporterte næringsoppgåver til Brønnøysundsregisteret og merkast då under den kommunen som verksemda sitt hovudkontor er registrert.
Til dømes vil tal frå ei underavdeling av ei sentraleigd kjede ikkje dukke opp på statistikken over Ulstein, men kanskje Ålesund, Oslo eller Bergen. Dette gjeld både tal på verksemder, tilsette, dekningsbidrag, gjeld og omsetning m.m.
UNF lagar sine eigne tal
Ved hjelp av offentleg talmateriale, lokale verksemder sine eigne tal og andre næringsaktørar sine estimat, freistar vi å til ei kvar tid ha det rettaste biletet på korleis næringslivet i Ulstein er. Kontakt oss gjerne med ditt konkrete behov for statistikk.
Profesjonell analyse
På oppdrag frå UNF har Møreforsking laga ein prosjektskisse til ei profesjonell analyse. Ei slik analyse vil kunne vil koste i overkant av 300 000,-, noko vi så langt ikkje har klart å finne finansiering til. Inntil vi har dette på plass, nyttar vi offentleg tilgjengelege data, samt eigen informasjon innhenta blant medlemene.