Bakargarden

I sentrum av Ulsteinvik ligg Bakargarden. Huset er eit fleirbrukshus og lokalet på gateplan med tilhøyrande kjøkken og uteplass samt glashuset og bakhagen kan leigast til f.eks selskap som barnedåp, konfirmasjon, åremålsdagar, minnestunder, møterom, kafeprosjekt under Smak av Ulstein, Trebåtfestivalen, matlaging, firmafestar m.m.

Eigar: Vik Eigedom AS
Stad: Kyrkjegata 5, 6065 Ulsteinvik
Område: Sentrum

KONTORLOKALE

Kontor på loftet i glashuset med møterom/toalett i underetasjen samt fellesareal/møblert uteplass. Kontorlokalet har innlagt internett.

SELSKAPSLOKALE

På gateplan i Bakargarden. Dekketøy, møblar og utstyr for inntil 30 personar. Moderne nybygd kjøkken med steinovn, Hobart oppvaskmaskin, mixar, kjøleskap, steinovn, komfyr og stor baksteøy, kaffitraktar med automatisk vanntilførsel. Trådlaust nettverk. Leigetakar kan lage maten der sjølve eller bestille eksternt.

LEILIGHEIT

Andre- og tredje etasje i Bakargarden vart renovert i 2014. Resultatet er fleksible lokale med høg standard.

  • Leiligheit 2. etasje med kjøken, bad, stove og 3 soverom.
  • Leiligheit 3. etasje med kjøken, bad, 2 store opphaldsrom/soverom.